Naudetatane har rykka ut til ei trafikkulykke på Breidablikk, vest for Grotli.

To bilar med totalt fire personar skal vere involvert etter at ein bil køyrde inn i bilen framfor seg.

To vaksne og eit barn er køyrd til legevakt for sjekk, melder politiet i Innlandet.

Dei opplyser at det var tett tåke og dårleg sikt på staden. Det skal ikkje vere mistanke om promille og det er ikkje gjort beslag av førarkort. Trafikken flyt forbi, opplyser politiet.