- Eit mekka for paragliiding i vill og vakker natur. Det seier Leif Gunnar Brandal frå Ulsteinvik etter at han saman med tre andre dyktige utøvarar av denne sporten sette norgesrekord i distanseflyging i Stryn. Det dreia seg om rekord i FAI trekant 85 kilometer, frå Stryn, via Folven, Loen, Briksdalen og tilbake til Stryn. Alt dette skjedde i strålande ver førre torsdag.

– Eg fekk med meg ein gjeng med flinke pilotar og nokre friflygarar denne vakre torsdagen. I denne ville naturen er det kjekt å sleppe å vere åleine, fortel Brandal til Fjordingen.

Med seg hadde han Oddvar Riise, Ronny Myklebust og Jens Petter Fauske. Dei fire var i lufta samanhengande godt 5 timar og 45 minutt. Av friflygarar som var med denne dagen var også Jan Kåre Hovden, Kåre Georg Myklebust og Stian Voldsund.

Turen starta i den øverste svingen i hyttefeltet på Bøasetra nær Stryn vinterski og heldt fram mot Folven før vendepunkt i retning Loen. Vidare gjekk ferda mot Briksdalen. Så tilbake mot Stryn og landing på Stryn stadion.

Dei kom opp i maksimal høgde på 2080 meter,  og maksfarten var på 50 km. Leif Gunnar Brandal opplyser at han hadde planlagt rekordforsøket i eitt år. Han hadde studert terreng og værforhold for å gjere turen tryggast muleg. Opprinneleg var planen å fly ein FAI trekant på 100 km, men denne vart bevisst korta inn av omsyn til tryggleiken.

–Det hadde ikkje vore problem med 100 km denne dagen, seier Brandal som takkar luftfartskontrollen i Stavanger og tårnet i Sogndal for god assistanse denne dagen.

Brandal trur at den nye gondolbana frå Loen til Hoevn vil bety eit nytt stort løft fpr paragliding og luftsport generelt.

Det nærmar seg landing på Stryn stadion. (Foto: Privat)