Andre helga i august kan ein på nytt oppleve musikalen Årringar ved Sagedammen. Stykket er i all hovudsak det same, likeins aktørane som er med, men nye grep frå regissør og koreograf vil likevel gi kjensla av nytt for dei som har sett det før.
Hardingfela og dans på setervollen høyrer sjølvsagt med i stykket. Men atskilleg meir moderne uttrykk og instrument har også sin plass i musikalen Årringar. Den vert spela over to kveldar i Sagedammen, andre helga i august. Her frå den siste framsyninga i 2015.
Foto: Roy Aron Myklebust