BUA Stryn er open to ettermiddagar onsdag og torsdag. Dei har litt utfordringar på plass, men har leigt eit eige rom på Triangelen til vinterutstyret.

Det er ikkje ope i skuleferiane, så då må ein vere ute i god tid. Ein kan låne ting i ei veke, og litt lenger viss det er over ferie.

Viktige midlar til styrking

For 2024 har BUA Stryn fått midlar frå Sparebanken Vest sitt hjartebank-fond til å utvikle BUA i kommunen.

– I tillegg har vi søkt om Bufdir midlar også til denne styrkinga, og får svar på søknaden i slutten av mars. Vi som styrer med BUA Stryn er veldig glade for at Ungdomsrådet støttar vårt tiltak mot forskjellar i samfunnet og for miljøet, då dei vedtok å sette BUA Stryn først i rangering av søknader. Formannskapet lytta også til ungdomen og det er bra. Vi er veldig glade for støtta deira, seier dagleg leiar i Stryn Frivilligsentral, Marit Sandnes Skrede.

No for tida er det ho som har hovudansvaret for BUA, men ho har med fleire folk som støttespelarar som hjelper til.

Mykje variert utstyr

BUA Stryn har mykje utstyr til vinterbruk som slalåmutstyr, langrenn, skøyter og truger.

Dei har også fått inn snowskates, som liknar på miniski, og mange har prøvd.

Dei har ein del utstyr til vaksne, men mest til barn og ungdom. Dei har ikkje randonee-ski, her kan folk heller låne med Indre Nordfjord Turlag. Sidan alt kostar mykje å kjøpe inn, vel dei det folk brukar mest av. Når skulane har skidagar, og foreldre oppdagar at skiskoa til borna har blitt for små, kan ein få låne på BUA.

Utlånet varierer

Når det gjeld utlån, så går det i bølgedalar. Er det gode forhold og bra ver, så er utlånet høgt, så kan det vere periodar med lite utlån. Slik er det på BUA Stryn, både sommar og vinter, fortel Sandnes Skrede.