Redaktør Bengt Flaten og kollega Roy Aron Brenvik Myklebust får med seg tidlegare ordførar og no avtroppande politikar, Sven Flo, i studio.

Få kjenner betre spenninga, oppturane og nedturane som knyter seg til kommunevalet enn han. Flo har opplevd å vore valvinnar to gongar, men i 2019 rauk draumen om ein tredje periode i ordførarstolen. Han bidreg med innsikt og synsing kring moglege utfall, og deler av eiga erfaring.

I sendinga vert det også prat med ei av dei yngste som stiller til val i Stryn, Sp sin andrekandidat Stine Fjellkårstad, og Thomas Thaule besøker partia si valvake for stemningsrapport.

Følg sendinga på Fjordingen.no eller Radiostryn.no frå klokka 21.00!