Det har gått eit snøskred ved Rv. 15 ved Grandøla ved Erdal i sørlege enden av Oppstrynsvatnet. Vegen er stengd, melder Statens vegvesen som vil gjere ei ny vurdering av vegen søndag kl. 10.00.

Ved Erdal: Dette skredet, sett frå Grønfurvika mot Grande, stenger riksveg 15. Foto: Sindre Grønfur

Fjordingen får opplyst at det er oppretta vegsperring på Storesunde.

Både Hjelledalen og Erdalen er isolert som følge av stengingane på Rv15.

Også Fv. 5720 mellom Einebakken og Juvika er stengd.