Per Briksdal ber i innspel til reguleringsplan Olden Terminalområde/Oldenleirane om at ein tek høgde for betre utnytting av kaiarealet.

- Ved utfylling/tetting av "8 talet" på kaia vil ein få mykje romslegare forhold på kaia - noko som gjev betre logistkk, meiner Per Briksdal. Som poengterer at ein ikkje må stengje bussane ute frå kaiområdet. Forslaget hans inneber fordeling av trafikken mellom Myklebusttomta på Oldenleirane og kaiterminalen.

- For Briksdalsbre Fjellstove er det viktig at det ikkje blir forseinkingar av utfluktene til Briksdalen. Tida er i dag allereie for knapp, slår Per Briksdal fast.