Ein førar vart anmeld for brot på køyre- og kviletida i ein kontroll ved Kjøs bru fredag. Ein fekk advarsel for mindre brot på køyre- og kviletida.

Eitt vogntog var målt som for langt, og måtte korte inn til lovleg lengde før det fekk køyre vidare.

Ein lastebil hadde ikkje underkøyringshinder jamfør krava, og måtte på verkstad for å reparere dette før vidare bruk.

To bilførarar fekk bruksforbod for gjenstandar i siktsona. Desse måtte fjernast før dei fekk køyre vidare.

Ein fekk gebyr for manglande førarkort. 22 køyretøy vart kontrollerte, melder Statens vegvesen.