Dei tre mennene frå Romania som er sikta for ransforsøk mot Sparebanken Vest sin minibank i Stryn natt til torsdag, er varetektsfengsla i fire veker.
Dei tre vart framstilte for varetekstfengsling i Fjordane tingrett fredag føremiddag. To av dei er sikta for ransforsøket mot minibanken, medan den tredje som også stod som leigetakar av leigebilen dei køyrde, er sikta for medverknad.
I følgje rettsboka kom to av dei tre med tilståing utan atterhald då dei møtte i retten fredag. Desse tilståingane er i følgje retten styrka ut frå overvakingsbilete frå banken samt beslag i bilen dei køyrde. Retten meiner det er god grunn til å mistenke personane for ei straffbar handling som kan medføre høgare straff enn fengsel i seks månader.
"Søk etter minibank"
I bilen fann politiet blant anna to driller, ein kvit sprayboks samt plast- og arbeidshansker. Politiet mistenker at sprayboksen vart brukt til å spraye overvåkingskamerat på veggen rett ved minibanken.
Politiet fann også ein PC i bilen, der skjermen viste «søk etter minibank i Norge».
Dei tre vert no transporterte til tre ulike fengsel for opphald dei neste fire vekene. I følgje politiet vert ein person sett i arresten i Vik, ein i Bergen og ein i Ålesund.
Den fjerde personen som vart stoppa i Lom, mistenkt for å ha vore med på ransforsøket, vart sett fri same kveld etter avhøyr. Mannen som er heimehøyrande i Litauen er ein kjenning av politiet, men var på feil stad til feil tid og hadde ingen ting med minibank-saka å gjere, opplyser lensmann Lasse Trosdahl.