I fjor var det strynebedrifta Back to Start, med dei to basisballgründerane Siri Linn Opsahl Haugen og Silje Blindheim, som vart kåra til årets ungdomsgründer i Sogn og Fjordane. No er fylkeskommunen på jakt etter nye kandidatar.

Gründerpris for ungdom har vore delt ut sidan 2006. Den er meint å stimulere unge menneske i Sogn og Fjordane til åetablere nye verksemder og skape nye arbeidsplassar i fylket.Prisen er på 50 000 kroner og går til ein gründer mellom 18–35 år,og vert delt ut på fylkestinget i desember.

Gründeren må verebusett og verksemda lokalisert i Sogn og Fjordane, og etableringa måha skjedd i løpet av dei fem siste åra.

Vurderingskriterie elles:

  • Nyetableringa skal ha eit tydelegforretningspotensiale.

  • Utnytting avforretningspotensial og marknadsføring

  • Kompetanse hjå kandidaten(både formell og uformell kompetanse)

  • Utnytting av lokaleressursar og ringverknader i lokalsamfunnet

  • Ekstra vekt påmarginale samfunn i fylket og etablering av kvinnelegearbeidsplassar

Juryen er samansett av representantar fråfylkeskommunen, NHO, Fylkesmannen og Innovasjon Norge.