-45 stryneruss samla inn 154.000 kroner under Krafttak for Kreft. Dette er eit overveldande resultat i landssamanheng. Dette er ei auke på 50.000 kroner frå i fjor. Det har vore auke i mange kommunar, men dette er noko av det aller beste. Strynerussen har vore kjempegreie å samarbeide med, og snittet med over 3.000 kroner per bøsse er heilt topp utan at eg på sparket kan seie om det er aller best i landet, seier aksjonsleiar på Vestlandet, Lena Teigland.

Ho legg til at det vanlege var innsamling over to timar. I Stryn og Hornindal var enkelte ute i fem timar.

26 millionar kroner vart innsamla under årets aksjon, og russen har stått for 90 prosent av dette. Midlane vil uavkorta gå til forsking.