Olden IL har no kome med innspel til Stryn kommune om å få arenabygg ved iderettsbana ved Olden skule inn i kommunedelplanen for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i samband med revisjon av handlingsprogrammet for 2017-2020.

Anlegget i Olden vart offisielt opna i september i fjor. Leiar i idrettslaget, Per Magne Muri seier på spørsmål frå Fjordingen at det viktigaste no er å få bygget inn i planverket og oppnå førehandsgodkjenning. Førebels har dei berre ei grovskisse av bygget.

- Kor stort er bygget, og kvar skal det ligge?

- Bygget på ca. 120 kvadratmeter er tenkt plassert i den nordaustlege delen av bana mot skuleplassen. Opphaveleg var det tenkt eit mindre bygg i skråninga i andre enden av bana, men dette vart kutta ut. I dag har vi berre ein containar for utstyret til laget, og det er ikkje godt nok.

- Kva skal bygget innehalde, og når kan det står ferdig?

- Først og fremst skal det vere lagerlokale og funksjonærlokale knytta til arrangement på bana. Detaljane skal vi få på plass etterkvart, og som sagt er det viktigast no å få det inn i planen, kanskje med ferdigstilling neste år, seier Muri. Han har god tru på aktiviteten i Olden, men barnekulla er små også i Olden.