Etter dagar med regn og vind er det i dag meldt delvis skya opphaldsver med ein del sol i indre Nordfjord. Dermed ligg det an til ein flott dag for alle som har lyst til å spenne på seg skia.

- Fantastiske forhold, skriv Magnus Ottosen som har sendt oss bilde frå Stryn Vinterski laurdag.

- Flotte pudderforhold, skriv Adrian Nesje, som også sendte oss bilde frå Stryn Vinterski i går.

Utanom løypene er det framleis meldt om skredfare nivå 2 eller 3, moderat eller betydeleg.

- Skredproblemet finst overalt der det ligg myjee nysnø i bratt terreng. Sjå etter nysnø som bind seg saman til mjuke flak og sprekk opp eller festar seg dårleg til den eldre snøen under. Snø som sprekk opp rundt skia/brettet er eit typsik teikn. Unngå bratte heng under og etter snøfall, til nysnøen har stabilisert seg, vert det oppmoda på Varsom.no.