Skal du til Oslo frå Nordvestlandet onsdag, blir det mange timar i bil rundt heile Sørlandet. Seinare onsdag blir det også meldt om at vegen over Haukelifjell, litt lenger nord, er råd å kome fram på. Foto: Skjermdump

– E39 nedover Vestlandet og heile kysten rundt. Det er einaste vegen eg har funne til Austlandet i dag, seier trafikkoperatør Runar Kvalshaug ved Vegtrafikksentralen Midt til Sunnmørsposten onsdag føremiddag.

I ei pressemelding midt på dag onsdag går det fram at også E134 er open for reisande mellom aust til vest. Dette er Haukelivegen, over Haukelifjell, austover frå Haugesund.

Stengd E6 og riksveg 15

På meldingstenesta til vegvesenet blir det varsla om stengde vegar fleire stader onsdag som følgje av uvêret «Hans». E6 som er hovudvegen nord-sør og den mest vanlege ruta frå Nordvestlandet til Austlandet er stengd fleire stader. Også vegen gjennom Østerdalen er stengd.

Statens vegvesen si kartoversikt over stengde vegar i Sør-Norge onsdag. Foto: Skjermdump

Frå Nordvestlandet kjem ein seg heller ikkje lenger enn til Skjåk om ein køyrer riksveg 15.

Vegen er stengt i begge retningar i området Otta-Bismo Sjåk på grunn av fleire jordskred og store vassmengder, skriv Vegtrafikksentralen Øst på meldingstenesta si X.

Til vanleg kan ein også velje å køyre austover via Sogn, men onsdag nyttar det verken å køyre over Hemsedalsfjellet eller Filefjell.

– Nei, du møter stengde vegar vidare nedover der også. Det er bombardert av stengde vegar lenger aust, seier Kvalshaug og viser til kartet over stengde vegar.

Blant anna er E16 stengd i Bagn i Valdres på grunn av flaum, ifølgje Vegtrafikksentralen Øst.

Om ein ikkje kan utsetje bilturen, er altså ein 18 timar lang tur rundt heile Sørlandet einaste alternativ.

– La bilen stå

– La bilen stå viss du kan, er oppmodinga frå Cato Løkken i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Onsdag føremiddag er desse vegane stengde, og det er usikkert når dei kan opne igjen: •E6 mellom Dombås og Oppdal •E6 mellom Nord- Fron og Sør Fron •Rv 3 mellom Rena og Alvdal •Rv 7 mellom Hønefoss og Geilo •E16 mellom Bagn og Aurdal •Rv 4 mellom Roa og Gran •Rv 15 Ottadalen

I tillegg er 77 fylkesvegar stengde, og ytterlegare 19 er ramma av flaumen.

– Ting er veldig uoversiktleg, og kan endre seg raskt, så dersom du må reise bør du sjekke om vegen er open før du reiser, seier Løkken.

I tillegg til E134 melder vegvesenet også at fylkesveg 30 er open for ferdsel, men er stengd for kjøretøy med totalvekt over 3,5 tonn ved Holta bru i Holtålen.

Statens vegvesen skriv at dei arbeider i døgndrift på og langs vegnettet.

– Eg understreker likevel at dei som ikkje må ferdast i desse områda blir bedne om å halde seg heime. Vegnettet er sårbart i desse dagar, så utsett gjerne dei reisene du kan, seier Løkken og legg til at situasjonen endrar seg raskt, så det er viktig å søke oppdatert informasjon.