Endre Strømsheim tok sin aller første siger i verdscupen i skiskyting.

Trass i dårlege skiløyper i Oberhof vart det heile fem nordmenn øvst på resultatlista.

Beste stryning i dag vart Tarjei Bø med 4. plass, tre hakk opp frå utgangspunktet. Han fekk ein runde på første, og skaut fullt på andre. På ståande vart det ein strafferunde etter kvar av skytingane. Men med god fart i sporet gjekk han forbi Johannes på sisterunden, og fekk nok ei god plassering i verdscupen.

– Det var veldig bra i løypa i dag. Det må vere sesongbeste! Eg kunne gått endå lenger i dag. Det var litt spenningar på standplass, men eg synest eg fekk god uttelling med 4. plass med 3 bom, sa ein fornøgd Tarjei Bø til TV2 etter løpet.

Johannes gjekk ut som nummer fire, og gjekk inn teten i starten. Han fekk fullt hus på begge liggande seriane. Han låg heilt rett bak Straumsheim, trass i ein bom på nest siste ståande. Då han hadde sigeren i lomma, vart det i staden tre strafferundar og 5. plass.

– Eg hadde aldri førestilt meg at verdens beste skiskyttar kunne bomme med tre på siste, meinte kommentator Ole Einar Bjørndalen på TV2.

– Dagsformen var ikkje heilt på plass i dag, og eg var veldig sliten på slutten. Det var bittert med tre bom, men det må eg berre tole. Eg mislukkast i dag, men neste gong sit det, sa Johannes T. Bø etter 5. plassen.

Johan-Olav Smørdal Botn i Stårheim IL gjekk ut på 26. plass, og enda på 24. plass.

Verdscupen samanlagt:

1. Johannes T. Bø 579 poeng

2. Tarjei Bø 497 poeng

3. Endre Strømsheim 467 poeng

Søndag er det norske laget favorittar på stafetten.