Farevarselet om ekstremver onsdag gjorde at kommunar sette krisestab og mange budde seg på dramatiske konsekvensar. Onsdag ettermiddag vart farevarselet nedgradert til oransje for ytre strok og gult for indre strok. Torsdag verkar det meste å vere tilbake til normalen igjen.

Volda er blant kommunane som har oppdatert situasjonen i form av hyppige pressemeldingar. Onsdag ettermiddag opplyser kommunen til media at det vert normal skuleskyss frå torsdag morgon.

Dermed vert det heller ikkje behov for å vidareføre andre restriksjonar.

Stryn kommune skreiv tidleg onsdag på sine heimesider at alle kommunale bygg vart stengt frå kl 19:00 i dag 31. januar. Det inkluderer Stryn kulturhus, Strynehallen og symjehallen, alle skular og barnehager.

I tillegg oppmodar Stryn kommune alle frivillige lag og organisasjonar til å avlyse sine arrangement etter klokka 19.00.

Både Stryn og Volda kommunar viser til NVE som melder om stor skredfare fredag, faregrad 4. Det vil vere fare for sørpe- og jordskred.