- Utruleg gledeleg, seier marknadssjef i Nettbus Travel, Svein Arne Vik, om avgjerda til samferdsleministeren. Han har tidlegare vore klar på kva til dømes strossing og vinterstenging av tunnelane ville ha å seie for ekspressbusstilbodet til Trondheim og Oslo.

- Då samferdsleministeren var i Loen for kort tid sidan fekk eg målbert dette, og var klar på at vinterstenging og strossing mest truleg ville vere kroken på døra for oss, seier Vik.

Om det ikkje var avgjerdane, så trur han likevel at møtet i Loen var viktig med tanke på avgjerda som no er teken.

- Han fekk klar tilbakemelding om kor viktig tunnelane er for gods og passasjerar. Dette sikrar oss at rasfare og styggevêr er eleminert som hinder. No kan vi vere trygg på framtida, seier Vik.

- Og du føler deg viss på at tunnelen faktisk kjem?

- Trasevalet er viktig, så får politikarane jobbe for pengar. Men vi må nok leve med faren for ras nokre år til, seier Vik.