Det kjendest først ikkje ut som nokon storfisk. Men det May Liza Johansen, tromsøjente busett i Stryn, hadde på kroken var ein 1,85 m lang havål.

Noko av det råaste

– Vi har hatt mange store opplevingar når det kjem til fisking. Men det vi opplevde tidlegare denne veka må vere noko av det råaste vi har opplevd nokon gong. Vi har fiska kveiter og anna stor fisk, men det vi skulle få på kroken no er noko heilt anna, seier Kato Andreé Bøe frå Stryn.

Han og sambuar May Liza Johansen hadde saman med eit par kameratar sett kursen for Storfjorden på Sunnmøre med havålfiske som mål.

– Dette er vel den fjorden i Norge som er mest kjend for å ha mykje havål, seier Kato André Bøe.

Nattfiske

Havålen er nattaktiv, og fisket føregår difor i mørkret.

– Ein riggar seg opp med kraftige stenger og store agn, kastar langt ut og lar agnet ligge på botnen. Stengene står i stativ, forklarer Bøe. Nappar det, gjeld det å ta tilslag med ein gong. Fisken må ikkje få sjansen til å stikke ned når han har bite på.

– Han er så sterk at når han botnen då, kan kampen vere tapt, seier Kato André Bøe. Første natta vart det fem ålar, tre av dei over 10 kg, noko som er stort til å vere ål, seier Bøe. May Liza hadde lenge drøymt om å få ein slik, men hadde så langt pers på berre seks kg.

Brytekamp

Neste natt skulle bli hennar store natt. Etter berre ein halvtime var det nokon på agnet. May Liza gav tilslag, og fisken sat på kroken.Ho trudde først ikkje han var så stor. Men då fisken nærma seg land, vart det klart at det var enorme krefter ho hadde med å gjere. Det vart litt av ein brytekamp, fortel dei som såg på. Det vart også skikkeleg jubel i nattemørkret då ho hadde fått havålen på land. Det var ein muskelbunt på 1,85 m, og vekta viste 22,3 kg.

Kjempen vart etter ein kort fotoseanse sleppt ut i fjorden igjen saman med artsfrendene sine. Foto: Kato André Bøe

Sleppt ut igjen

Etter ein liten fotoseanse vart kjempen og artsfrendene hans sleppte ut i fjorden igjen.

– Det er ein dei største som er landa i Norge. Etter det vi veit er det inga kvinne i Norge som har landa ein havål av denne dimensjonen i norske farvatn, seier Kato André Bøe, som legg til: – Dette er ein pers det blir vanskelig å slå. No kan May Liza senke skuldrene når ho er på fisketur ilag med oss gutta. Tidligare har ho fått så små ålar at vi berre har kalla henne for «meitemarken». Vi gutta kjem vel ikkje til å kalle henne det igjen!