Stryningen Alexander Gjendem Gjørven (28) håpar å kunne kalle seg brettspel-gründer i løpet av sommaren. Lektoren, busett i Trondheim, fortel at det er ikkje eit brettspel i tradisjonell forstand han og seks andre er i ferd med å utvikle. Ambisjonen er å endre måten folk spelar quiz-spel på.

- Vi har bytt ut dei tradisjonelle spørjekorta med ein app, slik atvi kan ha mykje meir innhald som bilde, GIF og video. I tillegg er det enkelt for brukarane å laste ned nye spørsmål dersom deiblir lei dei gamle, seier Gjørven. Per i dag kjenner han berre til Risk og eit par andre som kombinerer brettspel og app på denne måten.

Alexander Gjendem Gjørven. Foto: Privat

Ønskjer samarbeid med Premier League-klubbane

Han fortel at bakgrunnen for det heile var ein såkalla Start-up weekend. Eit arrangement der ein kunne kome med forretningsidéar eller delta om ein ville skape noko saman med andre.

- Eg hadde ein tanke om eit fotball-monopol spel. Men så samla vi oss etter kvart eit team og enda opp med eit quiz- spel, forklarar Gjørven om bakteppet til det som i dag har fått namnet Premier League Pro Board Game. Som namnet tilseier er det fotball og Premier League som er utgangspunktet.

- Vi har sjølvsagt kjempestor tru på det. Eg hadde med ein prototype på lagsfesten til fotballaget mitt. Det var knallsuksess, så eg trur ikkje vi er heilt bak mål, ler Gjørven.

Han fortel vidare at målet er å få det internasjonalt stort nok til å kunne forhandle med Premier League- klubbane om ein eller annan distribusjonsavtale.

- Vi ser for oss at klubbane er på jakt etter nye ting som gir dei meirinntekter, og visst dette fenger deira kundemasse kan vi kanskje få dei til å selje slike spel i supporterbutikken, eller noko i den duren.

- Kan bli søksmål

Gjørven er samstundes smerteleg klar over at dei på noverande tidspunkt leikar litt med Goliat.

- Vi kan bli saksøkt. Der er ting i appen, som til dømes videoane, som gir utfordringar. Vi har førebels ikkje lisens til å vise slike videoar. Men vi meiner det er trass alt betre å få eventuell merksemd frå PL-klubbane på denne måten, enn å berre ta kontakt før ein har så mykje å vise til, seier spelgründeren frå Stryn.

Gjørven fortel at også ein annan stryning er med på laget.

- Stian Bø er med som android-utviklar, fortel han. I tillegg har dei ein med ansvar for Iphone-utviklinga, ein strategiansvarleg, ein produksjonsansvarleg, ein designar, og ei såkalla "potet" som gjer alt han blir beden om. Gjørven fungerer som ein koordinator for det heile.

Ber vanlege folk om pengestøtte

Det fysiske brettspelet er ferdig utvikla og mykje av innhaldet i appen er også på plass. Men som ved dei fleste utviklingsprosjekt er finansieringa ein svært viktig faktor, og gjengen står no føre eit viktg vegskilje. Brettspel-konseptet skal onsdag lanserast på ein nettstad som heiter Kickstarter.no

- Det kallast crowdfunding, eller eit dårleg norsk ord er folkefinansiering. Poenget er at dette er ei nettside der vi som gündarar kan skildre idéen og legge ut video, så kan folk sjå prosjektet og eventuelt støtte det, fortel 28-åringen.

For at spela skal få ein fornuftig pris er dei nøydde å bestille minimum tusen spel frå fabrikken. Det kostar 150.000 kroner.

- Når folk støttar, må dei få noko tilbake. Ein god ide er sjølvsagt då å gi dei produktet. Visst mange nok støttar vil vi utvikle spelet vidare til ferdig produkt, seier Gjørven, og håpar dette kan skje innan august i år.

- Og det som er litt kult, visst dette fungerer, så er det ingen grenser for kor mange ulike spel ein kan lage -både for Bundesliga, Tippeligaen etc. seier ein oppglødd Gjørven.

Onsdag inviterer dei folk til innovasjonssenteret på NTNU for prøvespeling og hygge, før lanseringa på nett.

- Vi har fått seks ferdige spel frå fabrikken. Folk kan kome og spele, kose seg. Ca klokka ti på kvelden lanserer vi på Kickstarter.