Interimstyret for Grobygget i Hornindal er opptekne av å få inn aktørar som kan bidra til dagleg aktivitet i bygget. Dei jobbar med å få på plass ein bruktbutikk og søkjer også etter nokon som vil drive kafe. Dette kjem fram i eit notat til kommunen.

- Vi planlegg å gå ut med annonse eller anna kunngjering om at vi ønskjer samarbeidspartner til kafedrift i Grobygget, skriv dei i notatet. Dei skriv også at dei vil vurdere å legge til rette for ein sommarkafe som lag, organisasjonar eller andre i bygda kan drive. På same måte vil dei sjekke ut om der er interesse for å bruke kjøkkenet eller andre delar av lokalet til produksjon og sal av eigenproduserte varer.

Dei vil vidare invitere dagleg leiar ved Gamleskulen brukthandel og aktivitetssenter i Årdal til Hornindal for å høyre deira erfaringar med å drive bruktbutikk.

- Vi vil undersøkje om det er lag eller organisasjonar eller andre som vil drive denne, skriv dei.