– Bøndene braut forhandlingane etter tilbod om høgare lønnsvekst enn andre. I respekt for moderasjonen i lønnsoppgjera er det viktig å også ha moderasjon i landbruksforhandlingane i år, seier Dale til Klassekampen.

Men leiar Jan-Egil Pedersen i LO-forbundet Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) meiner kravet frå bøndene er heilt innanfor.

– Stortinget har sagt at ein skal jamne ut forskjellen mellom inntektene til bøndene og resten av samfunnet. Då må dei få noko meir kvart år for å ta igjen gapet, seier Pedersen til same avis.

Protestaksjonen mot landbruksoppgjeret varte i tre timar fredag morgon. I alt blokkerte bøndene 26 grossistlager over heile landet. Aksjonane kjem av at bøndene synest statens tilbod var milevis unna det som trengst.

– Vi har minstelønnsgaranti som gir større lønnstillegg for dei som tener mindre, på same måte må bøndene kunne få ekstra nokre år, seier Pedersen.

(©NPK)