Sparebanken Sogn og Fjordane (SSF) har vore Moods of Norway sin bankforbindelse sidan oppstarten i 2003.
- Dette er sjølvsagt ikkje særleg kjekt. Ein konkurs har aldri nokon vinnar. Det skjer frå tid til annan og trasig at det skjer, seier leiar for bedriftsmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane, Kjetil Bjørset.
Les pressemeldinga frå Moods her.
Han ønskjer ikkje kommentere detaljar kring låneforholdet, men peikar på den langvarige nedgongen i lønsemd hos bedrifta som årsak til at dei ikkje lenger klarte å innfri krava frå banken. Han understrekar at det ikkje er noko som kjem overraskande på nokon av partane.
- Dette har blitt jobba med over ein lang tidsperiode og ikkje noko som kjem over natta, seier Bjørset.
Leiaren for bedriftsmarknad i SSF ser at varehandel generelt har tøffe kår og at klesbransjen truleg har hatt det ekstra krevjande siste åra.
- Det har vore mange suksessfulle år, men dessverre får vi ein slik utgang, seier Bjørset.