Stryn kommune er først ute i fylket med det kommuneadministrasjonen kallar ein ekstraservice til innbyggjarane. Du skriv inn eit spørsmål og på berre sekund gir Kari deg direkte svar, eller hjelper deg å finne fram på kommunen sine heimesider.
Kari har AI (Artificial intelligence) som betyr at ho lærer seg å gi betre svar etter kvart som ho blir brukt. Den nye medarbeidaren dukkar opp på Stryn sine heimesider 19. juni etter offisiell lansering under kommunestyremøtet tysdag.
– Vi håpar at folk synes Kari er nyttig og vil bruke ho. Hensikta er at våre eigne skal få arbeide i staden for å svare på spørsmål som denne chatboten effektivt kan gi svar på, seier rådmann Rune Hovde.
Leiar for servicekontoret, Anna Bringsvor Egedahl poengterar at KommuneKari alltid er på jobb. Heile døgnet heile året.
- Ein trenger heller ikkje nytte spesielle faguttrykk når ein spør. Ho forstår eit folkeleg skriftspråk, seier Egedahl.
Kari blir å treffe på kommunen si heimeside og facebook-side frå tysdag.
– Test ho ut, oppmodar administrasjonen.