Ved å løyve 100.000 kroner frå næringsfondet, vil Hornindal kommune sikre fullfiansiering av to klartreparkar med samla kostand på vel 1,4 millionar kroner. Det blir i den samanheng synt til at klatrepark bidreg til å skape "liv og røre", noko som igjen vil vere til nytte for butikkar og andre næringsverksemder i Grodås sentrum.

Hornindal kommunestyre har vedteke at det skal byggjast to klatreparkar, ein ved Hornindal skule og ein i Grodås sentrum. Kvar klatrepark kostar ca 600.000 kroner. I tillegg kjem utgifter med grunn og tlirettelegging, slik at totalbeløpet er anslege til 1.428.000 kroner (eks moms).

Hornindal skule får sin klatrepark på dette arealet. Foto: Harald Vartdal

Dersom Utval for utvikling fylgjer tilrådinga frå saksansvarleg Ståle Hatlelid, vil ein sikre fullfinansering ved å løyve 100.000 kroenr frå næringsfondet. Noko næringsavdelinga i fylket har gjeve aksept for.

- Sjølv om næringsavelinga ynskjer å vri bruken av næringsfonda meir mot bedriftsretta tiltak, blir det opp til kommunen å vurdere om ein skal bruke næringsfondet til klatrepark, blir det slått fast i saksutgreiinga.

Finansieringsplanen viser at spelemidlar vil dekke 600.000 kroner, tilskot frå Sparebankstiftinga 375.000 kroner og tilskot frå næringslaget 125.000 kroner.