Elias Bergset imponerer under den pågåande Fjord-O festivalen i orientering. Bergset, som spring for arrangørklubben IL Veten, vann onsdag mellomdistanseløpet i si klasse (H15-16) med over tre minuttar til andremann på lista. Dette trass i at han bomma litt på ein post i terrenget. Torsdag var det klart for langdistanse, og også her gjorde Bergset det godt. - Det var eit greitt løp også i dag sjølv om eg rota meg litt bort på siste post, sa Bergset då han var komt i mål. Løpet heldt til 2. plass, men Bergset leiar samanlagt etter to av fire løp.

Fjord-O blir arrangert av IL Veten i samarbeid med Emblem IL i Ålesund og samlar nær 700 deltakarar i alle aldrar. Etter to dagar i løypene rundt Nordfjord fritidssenter har løparane fridag i morgon før dei tek fatt på nye løp i Emblemsfjella aust for Ålesund sentrum i helga.