- Vi ser fram til ein triveleg dag for alle hageinteresserte og andre som kjem til Grodås sentrum.  Vi får besøk av blomsterbil frå Eid og Jussigarden i Austefjorden som har eit stort spekter av hagefigurar. Elles blir det høve til kjøp og byte av staude, lotteri og mykje anna, seier Inger Lefdal Kirkhorn, leiar i Hornindal hagelag.