Det såg lenge ut til at dårlig ver skulle legge ein dempar for den tradisjonelle Kulturdagen på Nordsida ved Sagedammen på Ulvedal. Slik vart det heldigvis ikkje for dei hundrevis som tok turen til Ulvedal søndag. Arrangøren hadde også i år aktivitetar for heile familien. Mellom anna var det aktivitet i både smie, baksthus, i kjøkken og i landhandelen. Litervis med rymjegraut vart konsumert både innandørs og utandørs.

Det var og hønsebingo og hesteskokastival, før Helene Bøksle og St Hallvard-gutane avslutta med konsert.

Les meir om kulturdagen i papiravisa tysdag.