May Liza Johansen og Kato Bøe er ivrige havfiskarar. Dei fiskar etter eit stort spekter av fiskeslag. Søndag fekk Kato ei godt 17 kilo tung kveite på kroken i Nordfjorden.

- Eg skjønte det måtte vere noko kraftig som beit på. Vi hadde to stenger i haldaren ettersom vi også fiska etter skate. Det trengst kraftig utstyr for å fiske kveite. Ho kan ofte fare til botnen. Denne gongen beit ho på og kroka seg også i sena på den andre stonga. Etter eit kvarters tid var ho i båten, seier Kato. Tidlegare har dei fiska langt større kveite, oppimot 50 kilo utanfor Tromsø.

- Det vart eit godt måltid av delikatessen?

- Ja, dette er noko for ganen. Oftast førebur vi kveita i eldfast form i steikeomnen saman med fløyte, sjalottlauk og citronskiver på toppen. Den kan også steikast, og kesam med limesmak må vi ha til, og sjølvsagt kokte poteter.

May Liza og Kato har det med å utforske fjorden og planlegge fisketurane. Då blir også resultatet som regel bra. Det viser igjen i alle rekordane dei har som medlemar i Nordfjord Havfiskeklubb.