Han kunne ikkje forstå det. Ikkje heilt.

Først då han stod på Vigra og såg kistene – og den vesle, kvite kista mellom alle dei store – nådde det verkeleg inn.

Per Ytre-Eide teier og ser ut vindauget. På noko langt, langt borte.

Ei stor sorg

«Alle» i Stryn kjenner Per Ytre-Eide.

Som sportsmann, fotballspelar på toppscorarlista til Lillestrøm og stilfull toppalpinist. Som engasjert lokal handelsmann med sportsbutikk, lokalpolitikar – ein mann som alltid har vore ein synleg og aktiv del av samfunnsbildet i Stryn. Dyktig, utadvendt, serviceinnstilt, samfunnsengasjert.

Men i 50 år har han bore på ei stor sorg.

Den verste på norsk jord

Det var vesle julafta 1972. Og det var den verste flyulukka på norsk jord. Askerulukka, Braathens Safe flight 239, på veg frå Vigra til Oslo med 42 passasjerar og ei besetning på tre om bord.

Per Ytre-Eide skulle ha vore med sjølv, men kunne ikkje reise frå butikken, så han skulle kome etter med bil.

Men om bord var dottera Gro på 3 år og kona Unn, som var gravid med deira andre barn. Dei var på veg til julefeiring med hennar familie. Men Unn og Gro kom aldri fram. Ferda enda skogen i Asker, i eit utbrent flyvrak.

– Av og til har eg tenkt det beste hadde vore om eg hadde vore med sjølv også. Men ein kan ikkje tenkje slik, seier Per.

Han kunne ikkje forstå det. Ikkje heilt. Først då han stod på Vigra og såg kistene – og den vesle, kvite kista mellom alle dei store – nådde det verkeleg inn.

Påska 1970: Unn og Per på ski på setra. Dei var begge habile idrettsfolk og treftest gjennom alpinsporten. Foto: privat
Den første jula: Pappa Per Ytre-Eide med dottera Gro hennar første jul, 1969. Foto: privat

Skulle bli fire

Per og Unn møttest gjennom alpinsporten. Begge var habile alpinistar, no var begge i gang med skiforbundet si trenarutdanning. Det vart ganske snart klart at det berre måtte bli dei, sjukehuslaboranten frå Rjukan og forretningsmannen frå Stryn.

Så vart det bryllaup. Saman dreiv dei sportsforretninga, og var begge framleis aktive med alpint.

Unn tok fleire KM-titlar og var også ein svært populært turntrenar og gymlærar i Stryn.

Engasjert: Unn var svært engasjert i idrettsaktivitetar for barn og unge, m.a. som turninstruktør. Her frå ei oppvisning i turngruppa, instruktør Unn til høgre, medan Kristi Glomnes turnar på bommen. Foto: Faksimile frå Fjordingen januar 1972

10. oktober 1969 kom dottera Gro til verda, og i april 1973 skulle ho få ein bror eller ei søster. Den vesle familien på tre skulle bli fire.

Tre år: Gro Elisabeth hadde fylt 3 år 10. oktober det året, og reiste med mamma Unn for å feile jul hos mormor og morfar på Rjukan. Per skulle komme etter i bil. Foto: privat
På tur: Nybakt pappa Per på tur med Gro i pulk. - Det er klart eg ikkje kjem unna at eg tenkjer på kvar ho hadde vore i dag. Særleg når eg ser jamnaldringane hennar. Dei ho skulle vakse opp i lag med, seier han. Foto: Privat

Heime ventar presten

Den gamle badstova ved stadion, styrt av doktor Andenæs og fleire ihuga badstoveentusiastar, var ein viktig samlingsplass i Stryn.

Så også vesle julafta i 1972, etter arbeidstid. Her var Per då han fekk vite at noko var gale.

Dei var ein 10–15 karar som var samla der.

– Så stod brått Asbjørn Sunde i døra, fullt påkledd, og sa «du Per, du må kome ut», fortel Per Ytre-Eide.

Han forstod ingen ting, men fekk då på seg kle og drog heim.

Der sat presten. Det var som å få eit slag i andletet.

Styrta i Asker

Presten kom med den tunge bodskapen: Flyet med kona og dottera til Per var sakna. Braathens-flyet skulle følgje flykorridorane over Hønefoss, over Tyrifjorden til Drammen og inn til Fornebu. Men dit kom det aldri. Det skulle vise seg at det hadde styrta ved Asdøltjern i Asker.

– Då dei kom til Sylling, hadde dei skore rett over Vestmarka og kome for lågt inn. Det var eit radiofyr på Kolsås, det var sagt at hadde dei vore berre 20 meter høgare hadde dei nådd dét og kunna justert seg opp. Men, nei…..ikkje veit eg, seier Per.

Så vert han taus ei stund. Tusenvis av gongar har han tenkt gjennom dette, om og om igjen.

Vanskelge leiteforhold: Mørke og dårleg sikt gjorde leitearbeidet vanskeleg. Først etter seks timar vart flyvraket funne, men leitemannskap skal ha gått like nedanfor alt etter ein halvtime. Foto: Faksimile frå Sunnmørsposten 27. desember 1972

Ikkje funne før etter seks timar

Det skulle ta mange timar før vraket, dei omkomne og dei overlevande vart funne.

Motstridande meldingar om ulykkesstaden førte til at dei første politiutrykningane gjekk mot Fornebu. Leiting vart sett i verk med militære mannskap, Røde Kors Hjelpekorps, Norsk Folkehjelp, politiet, Heimevernet og frivillige.

Mellom dei siste var det lokalkjende Asker-folk og rundt 40 orienteringsløparar, som skulle hjelpe leitemannskapa med å orientere seg i det ulendte terrenget i mørkret.

Flyet vart funne i 23-tida, men det viste seg seinare at ein politipatrulje hadde gått forbi nedanfor ulukkesstaden berre ein halvtime etter ulukka. Tett tåke, tett skog og ulendt terreng skapte store hindringar for leitemannskapa, går det fram av reportasje i Sunnmørsposten onsdag 27. desember.

Håp og fortviling

– Den første beskjeden var at flyet var funne, og at det var ein god del overlevande, men også ein del omkomne, seier Per. – Så det var håp? – Ja, det var det det var! seier Per Ytre-Eide, og den gamle fortvilinga skin igjennom ein liten augneblink.

– Det kom melding om at dei hadde funne fire overlevande først, og så kom det melding om at det var funne åtte. Men det var jo feil, det var dei same fire.

Og så vart det stilt. Etter kvart som timane gjekk, og han ikkje høyrde noko om verken Unn eller Gro, byrja han å forstå at det verste kunne ha skjedd.

– Men eg skjønte det ikkje. Ikkje vesle julafta, ikkje julafta, då eg reiste ned til Oslo. Det var først då eg stod på Vigra og kistene kom, seier han, og må ta ein liten pause. Ser vekk, trekkjer pusten.

– Det var då det gjekk opp for meg.

Han hugsar ikkje særleg av desse dagane. Det ligg eit uverkeleg slør over det heile.

Kom til Vigra: Den 29. desember kom kistene med 25 av dei omkomne til Vigra. "Fra Vigra ble bårene kjørt i langsom prosesjon til ferjeleiet på Valderøya og langs hele ruten var flaggene firt på halv stang. På andre siden av fjorden, på Skateflukaia, ventet en tettpakket menneskemengde, som taust bivånet den lange rekken av bårer som ble kjørt på land fra ferja. Med flyet til Vigra fulgte også skpsreder Ludvig G. Braathen og flere av hans nærmeste medarbeidere i Braathens SAFE." Foto: Faksimile frå Sunnmørsposten 30. desember 1972

Som i ein vond draum

Kistene vart køyrde til Stryn. Per kom i bilen bak. Han hugsar det knapt. Gravferda hugsar han litt meir av, som i ein vond draum. Søskenbarnet, som var prest og ein nær kamerat heile oppveksten, var med som støttespelar.

Så vart det etter kvart stilt. Med lange, tunge kvardagar. – Det var ingen hjelp å få frå det offentlege den gongen, seier han.

Ein fekk greie seg sjølv. Kameratane sine hadde han. Dei stilte opp.

Faksimile frå Fjordingen. Gravferda hugsar Per lite av. Foto: Faksimile frå Fjordingen

Men i bygda følte han at folk unngjekk han. Gjekk over på andre sida av gata for å sleppe å møte han, unngjekk butikken dersom han var der. Visste ikkje korleis dei skulle forhalde seg. Våga ikkje å berre ta kontakt.

Den botnlause tragedien vart for vanskeleg å handtere. – Det var nokre få som torde seg inn, men det var ikkje mange, seier han. Sjølv gjorde han kanskje feil i å ikkje søke meir hjelp, tenkjer Per Ytre-Eide no.

Så vart det etter kvart stilt. Med lange, tunge kvardagar. – Det var ingen hjelp å få frå det offentlege den gongen, seier han.Ein fekk greie seg sjølv.

Vart aldri den same

– Men eg hadde ikkje ork. Eg hadde ikkje arbeidslyst, ikkje noko initiativ. Ingen ting, det var berre tomt. Dei første åra etterpå spelte ingen ting noka rolle. Om eg reiste med fly, var eg likeglad om flyet datt ned. Det var det same for meg.

Korleis kjem ein seg gjennom noko slikt?

For Per gjekk livet på sitt vis vidare etter kvart. Med ulike fasar av sorg, fortviling og mørke tankar.

Svikt i informasjon og manglande inkludering i minnemarkeringar og anna frå det offentlege skapte ei kjensle av frustrasjon og maktesløyse.

Tungt gjensyn: I albumet til Unn er det bilde frå glade dagar, frå forlovingstid og den første tida dei var gifte, Gro sine første bursdagar, 17. mai... Det er tungt for Per å bla igjennom. Foto: Gunnhild Sindre

Ulukka har prega han, heile livet.

Av og til tenkjer han på dottera Gro, korleis det hadde vore om ho hadde fått leve. – Når eg ser dei ho vaks opp i lag med, jamnaldringane hennar, så kjem eg ikkje unna at eg av og til tenkjer på kvar ho hadde vore i dag, seier han.

Ulukka har også prega forholdet hans til andre menneske. – Eg vart aldri den same, seier han. – Det er ikkje slikt ein kjem over. Det er ikkje mykje som skal til for at det kjem fram igjen.

Ikkje vore enkel

– Eg har ikkje vore nokon enkel mann å vere i eit forhold med, legg han til.

– Det kan eg ikkje legge skjul på. Eg er skeptisk, slepp ikkje folk innpå meg. Så det har nok ikkje vore så lett. Men om han har hatt vanskeleg for å få til parforhold, er han svært takknemleg for at han fekk oppleve å bli far igjen.

– To flotte barn som eg er svært, svært stolt over, seier han. – Og barnebarn, ikkje minst.

Skjebnen ville det slik at dotter nummer to vart fødd på datoen 24.12. – Eg miste ei dotter vesle julafta, og fekk nokre år seinare ei dotter på julafta. Så jul er for meg eit forferdeleg kjenslemessig kaos, seier han.

I dag er Per saman med ungdomskjærasten Synnøve, dei har halde saman i mange år. Han er også takknemleg for dette.

– Vi er ikkje skapte til å vere åleine, seier han.

Jul er for meg eit forferdeleg kjenslemessig kaos

– Snakk med nokon

Sjølv er han veldig klar over at han aldri vart den gamle Per igjen etter ulukka. – Den eg var før ulukka … eg var ikkje redd for noko. Og no…., seier han, og ser ut vindauget på den grå stryneettermiddagen.

– Før kunne eg reise meg og ta ordet i kva forsamlings om helst. Etterpå … det er så lite som skal til før eg misser konsentrasjonen, og eg er så emosjonell at eg tek til tårene for det minste. Eg kan ikkje stå opp for noko eller nokon.

– Kva kan du seie til andre som ber på traume og sorg? – Oppsøk hjelp. Snakk med nokon som kan noko om dette, få den hjelpa du treng, seier Per Ytre-Eide.

– Og så bør alle hugse på at dei du møter kan bere på vonde ting. Det finst mange som har mykje å bere på. Tunge bører, stor sorg. Men det viser ikkje på utsida.

Flyhavarikommisjonen sin rapport vart lagt fram i 1975. Foto: Faksimile av rapporten si framside

Flyhavarikommisjonen sin rapport

Utdrag frå konklusjonen i Flyhavarikommisjonen sin rapport av 17.12. 1975

2.2.2. Ulykkens årsak Den sannsynlige årsak til at luftfartøyet LN-SUY havarerte nær Asdøltjern i Asker den 23. desember 1972 kl. 16.34,55 var feilnavigering under en avkortet instrumentinnflyging til bane 06 på Fornebu.

Feilen, som det ikke har vært mulig å spesifisere nærmere, må imidlertid ha vært begått før fartøyet forlot 3500 fot, men ble ikke fatal før de siste 13 sekunder, da det ble fløyet glidebane ned under 1510 fot mens det ombord må ha vært klart at man verken var på eller innen 2 ½ ° fra ILS-anleggets senterlinje.

Medvirkende årsaker synes å ha vært at:

a) Fartøyets ADF nr. 2 var sannsynligvis innstillet 100 kHz feil. b) Forebu ILS til bane 06 gir brukbare glidebanesignaler fra Sylling til havaristedet.

c) Ytre merkefyr på Steilene kan gi overbevisende signaler for passering av et ytre merkefyr i tilsynelatende passe glidebanehøyde mellom Sylling og havaristedet i F-28 luftfartøy, dersom merkefyrbryteren blir satt i innstillingen HIGH.

Uheldige omstendigheter anses å ha vært at:

a) Fartøysjefen var selvforskyldt ikke så utvilt som ruteopplegget hadde gitt ham anledning til.

b) Fartøysjefen førte en reglementstridig radiosamtale med flygelederen i kontrolltårnet under den innledende fase av innflygingen.

c) Kontrolltårnets peileindikator var flyttet fra sin faste posisjon i kontrollpulten, slik at muligheten for tilfeldig retningskontroll var redusert.

d) Treningsposisjon for innflygingskontroll i Oslo kontrollsentral var ubemannet.

Kjelde: Rapport om luftfartsulykke nær Asdøltjern, Asker, desember 11972 kl. 16.34:55 med F-28, LN-SUY til hørende Braathens SAFE A/S

Askerulukka, fakta

  • Det som sidan har blitt omtala som Askerulukka skjedde vesle julaftan 1972.

  • Focker Fellowship-flyet Sverre Sigurdsson frå Braathens SAFE på veg frå Vigra til Fornebu gjekk ned ved Asdøltjern i Asker kommune, 8,6 NM (nautiske mil) frå Fornebu.

  • Fartøyet var av Fornebu kontrolltårn klarert for instrumentinnflyging ved hjelp av ILS til rullebane 06. Fartøysjefen var sist beden om å rapportere når luftfartøyet var etablert på ILS-glidebane og nedstiging frå 3000 fots høgde var påbyrja. Nokon slik rapport vart aldri motteken.

  • Om bord var det 42 passasjerar og tre besetningsmedlemmar, 40 av desse omkom.

  • Det tok over seks timar før redningsmannskap kom fram til vraket.

  • Flyhavarikommisjonen konkluderte med at den sannsynlege årsaka var feilnavigering, der flyet kom ned under minste sikre sektorhøgd og kom ned i terrenget.

Kjelde: SNL og Flyhavarikommisjonen sin rapport av 17/12-75.

Ordforklaringar

– NM: Nautisk mil, ei lengdeeining som tilsvarer nøyaktig 1852 meter og vert nytta til å måle avstand innan navigasjon til havs og i luftfart

– ILS: Instrumentlandingssystem, ei svært viktig innretning på flyplassar for innflyging og for landing i dårleg sikt. Systemet vart utvikla etter 1945, og er brukt innan sivil og militær flyging i store deler av verda

– ADF: Innkomande signal til eit radiokompass. Radiokompasset er i prinsippet ein radiomottakar med ei spesiell antenne som kan bestemme retninga til det innkomande radiosignalet (ADF)

Kjelde: SNL