Måndag er det stor vassføring i mange bekker og elver frå fjellområda i Sør-Norge, enkelte stader er det vassføring på gult og oransje nivå og nedbør og regn måndag og tysdag vil forsterke vassføringa enkelte stadar, melder NVE på varsom.no

– Det er venta flaum på raudt nivå i løpet av måndag/ tysdag fleire stader, også i dei større elvane i varslingsområdet som Rauma, nedre del av Driva og Stryneelva, heiter det i varselet.

Ifølge varselet er det framleis usikkerheit knytt til kor mykje nedbør som kjem og kva område som får mest nedbør.