– Storbilutstillinga veks år for år, fortel Torunn Egge, storbilansvarleg for Motorfestival Stryn.

– Kor mange er det i år?

– Det er 190 påmelde til sjølve utstillinga, og med dei ulike merkeutstillarane vil det vere over 200 storbilar med på Motorfestival Stryn 2022. Vart fort fullt Det vart fort fullt.

– Vi opna påmeldinga mykje tidlegare i år enn sist vi hadde festival. Den gongen opna vi rundt påske, no opna vi tre veker før. Og då gjekk det fort - då påska kom var det alt fullt, seier Torunn Egge.

– Bransjefolket har tydelegvis venta «med lengsel og smerte» på ny festival etter to år med pandemiavlysing?

– Ja, eg trur folk er veldig klare for ny Motorfestival. Det er påmeldingar frå både fjern og nær.

Godt bemanna

– Kva er største utfordringa med å skulle ha festival igjen? – Det blir jo fredagen når alle kjem, og vi skal plassere dei alle, seier Torunn Egge.

Og alle som har vore på storbilutstillinga og sett korleis bilane er lirka inn på nøyaktig plass med preisisjon og bortimot millimeterjustering, skjønar at dette er ei krevjande øving.

– Men vi er godt bemanna, seier Torunn Egge.

– Vi har ein solid og rutinert stab med Gunnhild Egge, Kjetil Bernhoft, Benny Hammer og Pål Romsøe. Dessutan har vi med oss to nye i år, Eskil Flo og Simen Bruheim. Så vi har ein god og dyktig stab.

Prisar og premiar

Som tidlegare blir det prisar og premiering for storbilane. – Kva slags prisar er det å hente i år? – Det blir kåring av Årets storbil, med 1., 2. og 3. pris. Dessutan blir det kåring av Big rig (Peterbuilt) og eigen pris for Årets veteran.

Genser, kopp - og bikini

Nytt av året er eit mangfald i festivalutstyr. – I år har vi ein god del merchandise frå Fjord Supply, fortel Torunn Egge.

– Det er allereie byrja å gå unna. Frå termokopp og solbriller til genser, T-skjorte - og bikini!