Dei politiske partia har ulikt syn på ein del lokale saker. Men når det gjeld innsatsen for Stryn vidaregåande skule si framtid og utviking står SV, Ap, MDG, KRF,  Venstre, Sp, Høgre og Frp skulder ved skulder. Det kom klart til uttrykk under det opne valmøtet i Stryn kulturhus onsdag kveld.

Mange har friskt i minne kva som  skjedde i 2013 då fylkesrådmannen basert på ein konsulentrapport gjekk inn  for å leggje ned Stryn vgs og Høyanger vgs. Etter det Per Kjøllesdal (Sp) opplyst vil strukturen for dei vidaregåande skulane i fylket kome opp att som sak allereie til hausten med konklusjon i juni 2016.

Ordførar Svein Flo (H) varsla kamp dersom nokon igjen skulle prøve seg på å leggje ned Stryn vidaregåande skule. Han viser i den samanheng til at det for to år sidan vart etablert ein sterk allianse som fekk stoppa prosessen.

- Det blir ikkje godteke dersom Stryn vgs igjen vert peika på for nedlegging. Lokalt næringsliv, skulen og kommunen jobbar i fellesskap for å styrke Stryn vgs sitt fundament ved m.a. å få tilbake TIP og etablert landslinje i skiskyting,  konkluderte Sven Flo.

- Men korleis vil de takle nedgang i elevtal, spurde debattleiar Silje Guddal.

- Stryn vgs vil i åra som kjem ha positiv utvikling i elevtalet. svara Torstein Tvinnereim, nytilsett koordinator og listetopp for Venstre.

Klemet Bø (KrF) synte til at Stryn vgs er den einaste skulen i Sogn og Fjordane som har skaffa læreplass til alle.

Hans Petter Galtung (SV) poengterte den tverrpolitiske semja i kampen for Stryn vgs.

- Stryn er fjerde største kommunen i Sogn og Fjordane. Det skulle berre mangle at her ikkje er vidaregåande skule, slo han fast.

Jarle Hessevik (Ap): - Læreplassar er ein viktig del av den vidaregåande opplæringa.

Amund Nedreberg (MDG): - Lærlingeplassar har vore eit "smertens barn" for vidaregåande opplæring. Det som har skjedd i Stryn med kompetansebygging, er forbilledleg. Og heilt klart eit tiltak som styrkjer Stryn vgs.