Strynepolitiet ber om tips etter at ein mann, truleg i 30–40 åra, skal ha filma 10–12 barn som bada i Stryneelva, rett ved Gamlebrua på ettermiddagen 17. mai.

– Mannen skal ha filma dei då dei byta klede. Då borna oppdaga dette, bad dei mannen slette videoen. Han sprang då frå staden, fortel politioverbetjent Vidar Stavik.

Politiet ønskjer tips, samtidig som dei oppmodar foreldre om å vere obs etter hendinga som skjedde ved 16.30-tida.