Kristian Brynestad, fysioterapeut frå Olden som no er busett i Ski, har hektiske dagar. I fjor var han med og etablerte bedrifta Behandlerverket, og denne våren opnar dei sin tredje klinikk.

Ikkje nok med det så er småbarnsfaren fast å høyre som bidragsytar i ein av landets største løpe-podcastar, «Breaking Marathon limits», der han kjem med råd og rettleiing i høve behandling og førebygging av idrettsskadar. På toppen av dette trenar han sjølv mot halvmaraton, der målet er å kome seg under 90 minutt.

I sendinga blir også nyleg VM-uttekne Torje Seljeset med, og det blir ein ny runde med spalten «Ka i allje daga».

Sendinga blir streama på Fjordingen si nettside og kan høyrast direkte på radio frå klokka 19.00 onsdag.