Årsaka til stenginga var eit sørpeskred.

Ifølgje NRK fekk naudetatane melding om skredet klokka 03.21 i natt. Ein bil skal vere tatt av skredet, men ingen personar skal vere skadde, skriv NRK.

Ifølgje politiet skal det ha gått fleire skred i området.

Vegen er stengt. Geolog er på staden. Det skal gjerast undersøkingar ved hjelp av helikopter. Ny vurdering klokka 11.00, melder Vegtrafikksentralen.

Oppdatert: Vegen er klarert av geolog og open for fri ferdsel. Skredet er rydda.