Polaris Media og Schibsted er samde om ein avtale der Polaris Media kjøper 51 prosent av aksjane i mediehusa VestNytt, Askøyværingen, Strilen, Bygdanytt, Øyposten og Randaberg 24, skriv Polaris i ei pressemelding.

Schibsted skal halde fram som medeigar i selskapa med 49 prosent av aksjane. Dei seks mediehusa har rundt 70 millionar kroner i årsomsetning, og 23.000 abonnentar. Mediehusa vil frå oktober 2023 inngå i Polaris Media Vest, som etter oppkjøpet vil bestå av 10 lokale mediehus på Vestlandet.

Polaris Media vil etter dette bestå av 79 mediehus i Norge og Sverige, med rundt 620.000 abonnentar.

Gjennom sameigarskap med Schibsted, og etableringa av ein mykje større region, vil mediehusa kunne jobbe saman for å utvikle sine posisjonar på Vestlandet, seier Håvard Kvalheim, styreleiar i Polaris Media Vest.

– Polaris Media har god erfaring med at samarbeid innanfor regionar er positivt både for lesarane og mediehusa i regionen. Med større skala vil mediehusa ha fleire krefter som kan jobbe med å utvikle både journalistikken og dei kommersielle produkta, og vidareutvikle rolla mediehusa speler i lokalsamfunna sine, seier han.

Polaris Media kjøper òg ut minoritetseigarane i mediehusa sine i Sunnhordland.

Fjordingen er ei av avisene som er eigd av Polaris Media.

(©NPK)