To personar vart lettare skadde i ei forbikøyringsulukke på Visnes i Stryn litt før klokka 21 i kveld. Politiet opplyser at ein personbil på veg frå Stryn skulle køyre av til venstre etter Hydrostasjonen då ein personbil kom bak og skulle foreta ei forbikøyring. Denne bilen sneia  ein annan bil i sida, traff ein jordvoll og vart kasta ut av vegbana.

Politiet kan ennå ikkje seie noko om omstendigheitene. Det er no oppmålingar på staden, og det skal takast opp forklaringar. Dei opplyser at dei to i bilen som køyrde forbi, klaga på smerter i ryggen og vart frakta med ambulanse for sjekk til sjukehuset i Førde. Det var sjåfør og passasjer i kvar av dei to bilane.