Peder Børresen og Simen Staalnacke var til stades og presenterte tankane bak kleda då norske OL- og Paralympicsutøvarar viste kolleksjonen til sommarleikane i Rio. Det er lite sommarlege palmeblad og eksotiske blomster å sjå på kolleksjonen. Duoen frå Moods of Norway har i staden valt norske bregner og krokus. Blazeren har både medaljelomme og lomme for autografpenn. - Dessuten er det ein lomme på høgresida til pengar og - kom vi på i siste liten - til reisekningar! sa Simen Staalnacke, til humring frå dei frammøtte i salen.