Fylkesvegane 655 Norangsdalen og fv. 63 Geirangerfjellet opnar i dag tysdag etter å ha vore stengd sidan i går som følge av ekstremvêret Hans.

Trass kraftige regnbyer opnar Fv 63 Geirangerfjellet kl. 16.

Fv. 655 Norangsdalen opnar tysdag kl. 12 med atterhald om at vegen kan bli stengd på kort varsel.

– Det har kome veldig mykje nedbør enkelte stader og terrenget er metta av vatn. Difor kan styrtregn gjere at vi kan måtte stenge vegar på kort varsel grunna skred eller fare for skred, seier fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen i ei pressemelding.

Fv. 63 Trollstigen vil framleis vere stengd grunna store vassmengder. Det blir gjort ei ny vurdering onsdag kl. 08.00