Onsdag vart det halde kransleag for det nye symjebassenget i Volda.

Arbeidarane vart samla for kake og kaffi, i tillegg til ein tale frå ordførar Sølvi Dimmen, melder Volda kommune på si heimeside.

Det nye bassenget vert reist ved sida av Volda Campus Arena. Hallen skal stå ferdig i år, og bygginga byrja i 2022.

Under kranselaget vart det påspandert marsipankake.

- Forsyn dykk, og tusen takk, sa ordførar Sølvi Dimmen i talen sin for arbeidarane, ifølgje Volda kommune.

Kommunedirektør Rune Sjurgard og ordførar Sølvi Dimmen markerte tett tak på det nye symjebassenget i Volda. Foto: Volda kommune