På stoveveggen heime på Grodås heng det fleire titals medaljar etter prestasjonar på ski og med børse som vitnar om ein dyktig og erfaren skyttar og skiløpar.

77-åringen er framleis aktiv og skal delta på NM i skifeltskyting i Elverum i februar.

Knut kan sjå tilbake på eit aktivt liv, både som skiløpar og som skyttar Foto: Roger Oldeide

Likevel har den erfarne skiløparen kvia seg stadig meir for å ta seg ned frå fjelltoppane på ski. Det er lettare å skade seg med alderen, forklarar han.

– Som pensjonist og enkemann har eg god tid til å gå på tur. Som regel går eg på fjellet tre gongar i veka. Eg går ofte på tur åleine så det kunne blitt problem å få hjelp om eg skada meg skikkeleg, forklarar han.

Difor har truger blitt meir og meir teke i bruk, og Knut er ingen nybegynnar på dei.

– Eg begynte faktisk å gå på truger for fleire tiår sidan. Lenge før det vart så populært som det har blitt i dag, fortel han.

Knut Lillestøl har gått på truger i fleire tiår og bruker dei berre meir og meir. Her er han avbilda i fjellet for nokre år sidan med ein mår over skuldrene. Foto: Trond Melum

– God kontroll

Knut tek på seg bøffen på toppen av hovudet og spenner vant på seg trugene. Han har fleire par å velje i.

Knut har fire par truger å slite på. Foto: Roger Oldeide

– Eg har vel fire par, men det er dei nyaste eg brukar mest. Dei gamle er mest til pynt. Eg har slite ut fleire par med åra, fortel han og tek eit godt tak rundt stavane.

Det han liker best med å gå med truger er kontrollen han har når det vert litt bratt eller hardt.

– Ein søkk ikkje så langt ned i snøen og festet er veldig bra om det vert hardt føre. Under trugene er det taggar som set seg godt ned i snøen.

Godt grep: Knut viser fram undersida av trugene som har integrerte skarejarn for godt feste. Foto: Roger Oldeide

– Ein går lett opp og ned frå fjellet og det kjenst stødig. Skulle eg gått dei same turane på ski er det ikkje sikkert at eg hadde kome meg ned att, skrattar han.

Turglede

Han går på fleire toppar i Hornindal, men det er oftast Gulkoppen og Ytrehornsnakken som får besøk av Lillestøl. Han meiner turgleda berre har stige i takt med alderen.

– Ja det meiner eg, og trugene har redda mykje av turgleda om vinteren, seier han.

I driv: Knut held høgt tempo opp bakkane og sklir ikkje, verken på veg opp eller ned. Foto: Roger Oldeide

– Du held deg sprek, Knut.

– Tja, eg prøver å trimme litt kvar dag. Ein vert i alle fall ikkje sprek av å ligge på sofaen, konkluderer 77-åringen.