– Vi har kanskje nådd botnen i talet på fødde, og vi vil kanskje sjå endå meir stabile tal i 2024, eller til og med ein liten oppgang, seier SSB-forskar Lars Dommermuth til NRK.

Dommermuth trur tala kan vere i ferd med å snu. Han har forska på årsakene til at norske kvinner ventar lenger med å få born.

– Vi har ein ganske liten andel som har berre eitt barn, så det er den kritiske overgangen. Om kvinner og menn først får sitt første barn, er det ganske høgt sannsyn for at dei òg får barn nummer to. Andelen som har fått tredje og fjerde har gått ned, seier han.

Hos sjukehus og fødeavdelingar som høyrer til Helse vest har ein samla sett hatt ein nedgang dei seinare åra, det gjeld òg fjoråret. Unntaka er Stavanger, Voss og Stord der det høvesvis kom 17, 11 og 3 fleire born til verda enn i 2022.

I regionen Helse Midt-Norge hadde Volda og Namsos ein liten auke i 2023. Men alt i alt blei det født 6997 born, ein nedgang på 62 born frå i fjor.

29.000 av dei i overkant 51.000 som blei fødde i fjor kom til verda ved eit sjukehus tilhøyrande Helse sør-aust.

Forskarar er ikkje sikre på kva nedgangen kjem av. Nokre har peika på økonomisk uvisse, andre høg arbeidsløyse.

(©NPK)