Stryn må framleis dele tabelltoppen med Vik etter at dei to topplaga møttes i den åttande runden for sesongen.
Resultatet vart 1-1 i oppgjeret på Vik kunstgras laurdag ettermiddag. Innbyttar Agon Qitaku scora Stryn sitt mål.
Dei to laga er suverene i toppen med 22 poeng, nærast er Årdal med 14.