Tarjei Bø vart best av dei norske og totalt nummer to i Lysebotn opp i ettermiddag. Etter ein snau halvtimes motbakkeløp på rulleski kom Tarjei i mål 53 sekund etter Matti Heikkinen, Finland. Heikkinen gjorde som i fjor og gjekk frå alle opp den 7,5 km lange løypa med totalt 640 høgdemeter.
Johannes Thingnes Bø sa før løpet at han hadde som mål å slå storebroren, men i mål vart Johannes nr seks, 31 sekund bak storebror.
- Løpet mitt var solid. Eg gjekk smart taktisk og hadde masse krefter siste del av løpet. Då klarte eg å gå forbi Legkov og Sveen og sikre 2. plassen, seier ein nøgd Tarjei i kommentar til Fjordingen etter løpet.
Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde IL vart nummer ni, 23 sekund bak Johannes på sjetteplassen.
I morgon vert det meir asfaltløp på rulleski og med skiskyting under Blinkfestivalen i Sandnes.