I kveld, natt til laurdag vil ein kunne oppleve eit sjeldan syn, når ein total formørka måne står rett over Mars. Denne formørkinga vil bli den lengste, totale formørkinga på Jorda i dette århundre.

Månen og Mars

Ein forventar at formørkinga kjem til å vare i 1 time og 43 minutt, og ein vil ikkje få oppleve ein like lang formørking på 105 år. I tillegg til dette vil Månen stå lågt på himmelen, og dermed opplevast som enda større enn den verkeleg er. Under formørkinga kan ein forvente at Månen blir raudglødande, samtidig som den på eit tidspunkt vil stå like over Den raude planet, Mars.

Det er 15 år sidan sist Mars var så nærme Jorda, noko som gjer at den glødar sterkare enn på lenge medan den befinn seg like under Månen. Dette fortel astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard og vitskapsformidlar Anne Mette Sannes i ei pressemelding.

Kvifor måneformørking?

Kvar fjerde veke står Jorda, Sola og Månen nesten på linje, ettersom Månen brukar denne lang tida på å gå i bane rundt Jorda. Den banen Månen brukar rundt planeten heller omtrent 5 grader i forhold til linja mellom Jorda og Sola, noko som betyr at den som oftast passerer enten over eller under skuggen frå Jorda.

Det som skjer under ein formørking er at Månen passerar skuggen til Jorda, noko som fører til ein formørking som den ein kan få med seg i kveld.

Ein skjematisk framstilling av måneformørkinga og kvifor den inntreff. Formørkinga oppstår når Månen kjem inn i skuggen frå Jorda. Foto: Illustrasjon: Wikipedia/Sannes & Ødegaard

Under ein slik total måneformørking endrar Månen vanlegvis fargar, og kler seg i oransje, raudt og burgunder gjennom dei ulike fasane av formørkinga. Sjølv under ein total formørking blir ikkje Månen heilt mørk, ettersom noko sollys blir spreidd gjennom Jordas atmosfære og når fram til Månens overflate.

Fri sikt

Under formørkinga, som finn stad før midnatt, står månen lågt i søraustleg retning, noko som betyr at fri sikt vil vere viktig for å få med seg fenomenet. Åsar, vegetasjon og bygningar kan vere til hinder dersom ein ønskjer å få med seg dette.

Sjølv om det er fullt mogleg å oppleve formørkinga utan problem utan hjelpemiddel, så kan ein kikkert gjere det mogleg å få med seg fenomenet i endå større detalj. Opplevinga vil også bli betre dersom en er på ein mørk stad, utan kunstig belysning, fortel Ødegaard og Sannes.