Gloppen vann kvalik-kampen  i Strynehallen 18-17. Ettersom Stryn hadde med seg 23-22 frå i Trivselshagen på Sandane, gjev det resultatet 40-40 etter to oppgjer.

- Med dette resultatet må ein spele kamp nummer tre, opplyser dommar Terje Holvik til Fjordingen.

Når og kvar kamp den avgjerande kampen skal finne stad, er ikkje kjent i skrivande stund.

Kampen i Strynehallen vart ein thriller utan sidestykke. Anført av sin glimrande keeper Ivan  Karabatic kunne Stryn gå til pause med leiing 9-7. Og dei let ikkje Gloppen ta føringa før det stod att ni minutt av kampen. Men derifrå og inn såg Gloppen ut til å kunne ta den nødvendige tomålssigeren.  25 sekund før slutt var det berre ei fantomredning av Ivan Karabatic som hindra gjestane frå å reise heim med 2.divisjonskontrakta i kofferten.

For dei godt og vel hundre som var i Strynehallen, blei dette ei nervepåkjenning. Det same galdt naturlegvis  for spelarane.

- Dette vart ein knalltøff kamp mellom to gode lag. Både Gloppen og Stryn burde vore i 2.divisjon, seier Gunnar Lindal Sigurdsson, Stryn sin spelande trenar og dagens toppscorar med seks mål.