Stryn sitt G17-lag i Dana Cup tapte finalen i B-sluttspelet mot Gossen med minst muleg margin: 5-4 etter straffespark.

Gossen er eit lag frå Normøre som tidligare har tapt tilsvarande finale i B-sluttspelet på straffesparkkonkurranse. I år vart det stang ut for Stryn og stang inn for Gossen.

Det var 1-1 etter ordinær tid og forlenga speletid på 2×5 min. Stryn tok leiinga etter 12 min ved Henrik Godås etter ei glimrande pasning frå Rasmus Bø. Utlikninga kom tidleg i andre omgang. Resten av kampen stod og vippa der begge lag hadde sine sjansar til å avgjere det til sin fordel. - Stryn har gjennomført alle sine kampar med gode enkelt prestasjonar og god kollektiv jobbing. Å hente pokalen for andreplassen i B-sluttspelet var stort for Strynelaget, seier lagleiar Gunnar Grodås til Fjordingen.

Stryn Fotball