Ingeborg Sofie Sætren frå Hornindal IL feira 11-årsdagen sin med å vinne gullmedaljar under Framoleikane i Bergen.

Framoleikane er mellom dei store nasjonale stemna for unge friidrettsutøvarar. Ingeborg Sofie vann 600 meter, 60 meter, lengde og 60 meter hekk med klar margin til sine hardaste konkurrentar.

Ingeborg Sofie vann 600 med tida 1.53,51 - nær fem sekund betre enn nummer to. På 60 meter var vinnartida 9.18, medan nummer to fekk 9.52.

I lengde vart vinnarresultatet 4,23 - 32 centimeter lengre enn sølvvinnaren.  Friidrettstalentet frå Hornindal synte at ho også meistrar 60 m hekk.  Med tida 11.78 var ho over sekunden raskare enn nummer tol.