Øvinga vart arrangert for berre andre gong, første gong var i 2019.

Der konkurrentane etter kvart bomma, så skaut Johannes Thingnes Bø like godt fire fulle hus på 15-kilometeren.

Tarjei Bø gjorde også ein særs solid figur i den tidvis tette skodda i Anterselva. To bom totalt, begge på ståande skyting og som kvar gav 45 sekund i tillegg, gav 35-åringen likevel ein andreplass til slutt.

– Det er Stryn mot røkla, sa TV2-kommentatorane entusiastisk.

– 20 treff på ein normaldistanse er noko av det største ein kan gjere som skiskyttar, sa Thingnes Bø etter løpet. Han tok sin 78. siger totalt i verdscupen.

– Bra uttelling på resultatlista med ein andreplass, konkluderte Tarjei Bø overfor TV2. Han var 1.36,1 bak Johannes.

To x Bø på pallen i Anterselva torsdag. Foto: Inge Brynestad