Olden sin sterke kastarMathias Melheim viste svært lovande takter i sesongopninga påLoggane i Gloppen for litt sidan. Innandørs har han det bestekuleresultatet i 17-årsklassa i Norge i år. No støytte han kulaheile 15.59 m og persa seg dermed med ein meter.

I diskos (1,5kg)forbetra han seg med heile 8 meter i høve til i fjor og slo her ein avNorges beste kastarar, Hermann Aurdal frå Sykkylven. Resultatet46.51 er av topp nasjonal klasse.

- Det vert spennande å følgjeMathias og dei andre gode friidrettsutøvarane utover i sesongen.Olden IL har no fleire utøvarar som hevdar seg heilt inorgestoppen, særleg i kastøvingar, opplyser Hans Petter Galtung til Fjordingen.